Medisinsk yoga og mindfulness

Andedraget

Ein stad for ro, nærvær og kontakt med kroppen.

Gjennom medisinsk yoga, mindfulness og Yoga Nidra tilbyr vi kurs som gir rom for å stanse opp, puste og vere meir til stades i kvardagen.

Sjå kurs
Matter og puter klare i kursrommet

Når tempoet blir for høgt

Mange opplever periodar med uro i kroppen, mykje grubling eller ei kjensle av å stå fast. Gjennom rolege øvingar, merksemd og trygg rettleiing legg vi til rette for ei jordnær tilnærming der både kropp og sinn får plass.

Epler frå hagen utanfor kurslokalet

Kursa våre

Tre inngangar til meir nærvær

Medisinsk yoga-hormonyoga arbeider med pust, rolege rørsler og kroppsmedvit. Mindfulness gir ei strukturert øving i å møte tankar og kjensler med større merksemd. Yoga Nidra er ein djup, roleg avspenningspraksis der kroppen kviler medan sinnet held seg vake og klart.

Kurs hausten 2026

Små grupper på onsdagar i kurslokalet vårt i Sandnes.

Sjå datoar og ledige plassar